UTTALELSER



UTTALE VEDRØRANDE STEIG


Steig er ein av dei største og historisk mest interessante gardane i

Gudbrandsdalen. 

Her er det funne både gravhaugar og oldsaker som vitnar om

eit eldgammalt busetnadssentrum i Øverbygda på Sør-Fron. I vikingtida skulle

garden få ei viktig rikspolitisk rolle. Fyrste gongen vi høyrer om Steig er i soga til

Olav Haraldsson vedrørande møtet med bøndene på Hundorp i 1021. Her

høyrer vi om høvdingen på Steig, Tord Istermage. Ifølgje Snorre var han opptatt

av å skape semje med kongen og spelte såleis ei viktig rolle i samband med

kristninga av gudbrandsdølane. Etter slaget på Hundorp mista herseætta på

Hundorp makta si, og maktsenteret vart flytta til Steig. Tord Istermage vart no

den mektigaste mannen i den sørlege delen av Gudbrandsdalen.

Maktgrunnlaget vart enda sterkare ved at han gifta seg med Istrid

Gudbrandsdotter, og på den måten knytte varige bånd til kongen. Ho var

morsystera til Olav Haraldsson. Istrid og Tord fekk sonen Tore, som etter kvart

fekk namnet Steiga-Tore. Han skulle bli den fyrste rikspolitikaren i

Gudbrandsdalen, og må reknast som ein av dei mektigaste og beste

politikarane i heile Noreg. Han var også med på å velje to norske kongar. Det

galdt både sysjenbornet Harald Hardråde og Håkon Toresfostre. Håkon var

sonen til kong Magnus Haraldsson, og vart farlaus da kongen døydde ung.

Steiga-Tore tok seg av han og han fekk derfor tilnamnet Toresfostre.

Kongsgard

Steiga-Tore sørga også også for at Steig vart kongsgard ved at sonedottera,

Ingebjørg Guttormsdotter, gifta seg med kong Øystein Magnusson. Steig er den

einaste garden i Gudbrandsdalen som har gitt Noreg ei dronning. Fyrste gongen

ein høyrer om Steig som kongsgard, er i 1177. Da budde kong Sverre og

birkebeinarane på Steig i 14 dagar. I Haakon Haakonssons saga høyrer vi om at

det vart bygt ein veitslehall her, og det er stadfesta at det var eit kongeleg

kapell på garden. Dei fleste av kongane i sein - og høgmiddelalderen var innom

Steig, saman med både verdslege og geistlege stormenn. Steig var kongsgard til 1630.

Futegard

Det er er også prov på at det har budd kongelege futar på Steig, og etter kvart

var garden futegard og tingstad. Ei kongeleg forordning av 1590 bana vegen for

eit sterkt, lokalt statleg forvalningsapparat, og Steig fekk eit viktig rolle i dette.

Tinget skulle avgjere både sivile og kriminelle saker. Etter 1650 vart

tinglysingsforretningar ei like viktig oppgåve som domstolsfunksjonen. Her

foregjekk det også forhandlingar om skattlegging og betaling av skattar. Dette

gav bøndene høve til å påverke beslutningsprosessen.

Verdfulle hus i eit flott kulturlandsskap

I 1775 var Schøning på Steig. Han skriv at «garden har endnu temmelig store og

anseelige bygninger, blant den et vaaningshus, over hvis forstue-dør staaer et

lidet taarn med spiir, hvilket hus er opsat av fogden C. Coldevin». I dag er det

fortsatt mange gamle hus på Steig. Gammalt våningshus, kårbygning frå 1822,

samt ein annan gammal kårbygning, eit gammalt stabbur, låve frå 1753, stall frå

1885 og eit fjøs frå 1923. Majestetisk ligg den gamle kongsgarden der i eit

vakkert kulturlandskap, og vitnar om at den har hatt en sentral posisjon i historia vår.

Fron historielag er svært oppteken av å ta vare på historia og kulturarven vår.

Steig har altså spelt ei viktig rolle både lokalt og nasjonalt, og vi håpar derfor at

offentlege institusjonar vil bidra til å verne om den gamle kongsgarden Steig.


På vegner av Fron historielag

Ole Chr. Risdal, leiar