JUBILEUMSÅRET 2021

Tusen år på Steig i Sør-Fron



Arrangementet er dessverre fulltegnet



Historisk jubileumsdag laurdag 19. juni 2021


Bakgrunn

Garden Steig i Sør-Fron er sentral i historia om Gudbrandsdalen og Norge gjennom 1000 år.

Garden er først nemnd skriftleg i Heimskringla av Snorre, og heilt sidan Tord Istermage i lag

med Dale Gudbrand bad Olav den Heilage til ting på Hundorp, er historia omkring Steig

omfangsrik, mystisk og spennande. Tord Istermage gifta seg med morsøster til Olav den

Heilage, og dynastiet er i gang. Sonen Steiga-Tore vart Gudbrandsdalens første rikspolitikar,

og ein maktfaktor på nasjonalt plan heilt til han vart hengt på Helgeland i 1096. Historia

vidare utover hundreåra er omfangsrik. Dei seinare åra har Steig vore underkommunisert, og

det gjer det enda meir interessant å ta fatt på nytt.

Karen Elise Steig og August Johan Evenen er nye eigarar av Steig. Dei fløtt i løpet av hausten

2020 inn i eine hovudbygningen, og dei har gjennomgåande planar for restaurering og

attendeføring. Dette vil ta vare på dei kulturhistoriske elementa på ein god måte. Arbeidet

skjer i tett dialog med vernemyndigheitene, og først ut våren 2021 er utskifting av stokkar og

omlegging av tak på den 67 meter lange tømmerlåven som vender ut mot Gudbrandsdalen.

Arbeidet er finansiert, og arbeidsfolk er tinga. Etter dette ønskjer dei unge eigarane å

vidareføre arbeidet steg for steg. Parallelt med restaureringsarbeida ønskjer dei å formidle

historia på og om Steig


Tusenårsmarkeringa for kristninga av Gudbrandsdalen i 2021 er eit godt høve til å starte

dette formidlingsarbeidet. Eigarane ønskjer å opne garden for ein stor aktivitetsdag, og

Gudbrandsdalsmusea og Fron Historielag ønskjer å vera med som støttespelarar. Dette vil

også bli koordinert inn mot markeringa av Hundorp 2021 og øvrige 1000-årsmarkeringer i

heile Gudbrandsdalen av ein eigen programkomite. Kulturarveininga i Innlandet

Fylkeskommune ønskjer å ta del i arbeidet med å løfte fram Steig sin plass i det historiske

bildet, og dei deltek med ein eigen fagperson fram mot arrangementet i juni 2021.



Foreløpig program

Program - Steig gard i tusen år

Laurdag 19. juni 2021

Programtidsrom: 11.00 - 17.00

I tunet blir det rigga for historiske foredrag gjennom heile dagen. Foredraga startar kvar heile klokketime, og varar ein halvtime. Da blir det ein halvtime pause imellom slik at publikum kan prate, fordøye informasjon og sirkulere i tunet. Dette blir foredrag der ordet står i sentrum, utan skjerm og prosjektor. Følgande program er satt:

Kl 12.00  - Vandring rundt gården

Kl 13.00  Mulighet for å kjøpe kaffi, is, og noe å bite i.

Kl 14.00 Historikar Geir Paulsrud - Kongevegen og Tjodvegen, 1000 år i midt-dalen

Kl 15.00 Fron Historielag - Maktsentrum i Sør-Fron i eldre tid - Ryssland-Hundorp- Steig

Kl 16.00 Det Kongelige selskap for Norges vel - modernisering av landbruket frå atten-hundretalet

Inntunet dannar eit naturleg amfi der det ville vera naturleg å plassere talarstol framfor midten på nedre bygningen. Eit eller fleire av foredraga kan vera på bakken utanfor tømmerlåven, med storslått utsikt over dalen. Dette er avhengig av ver og vind. I tunet kan vi rigge eit stort telt om vermeldinga varslar regn.

Bygningen sør i tunet (føderådsbygningen) frå 1840 har utruleg flott dekormaling av Even Sulengs-haugen, og ei spanande bygningshistorie. 

Tømmerlåven vil være under restaurering og nytt tak mot tunet i juni 2021. Vi vonar Kulturarveininga i fylkeskommunen og Gudbrandsdalsmusea ved bygningsrådgjevar er tilstades ved låven og orienterer om arbeidet, eller halde foredrag ved faste klokkeslett.


Arrangør Steig gard i samarbeid med prosjekt ; Gudbrandsdalen 2021 (Gudbrandsdalsmusea, Gudbrandsdal historielag), Hundorp 2021, Fron historielag